Ylang Ylang

kr 209,00

10 ml

Emosjonell støtte: Det indre barnet, frihet, lekenhet, intuisjon, emosjonelt oppfyllt, glede, aksept

Fysisk støtte: Eterisk olje av ylang ylang er søt og eksotisk med opplyftande eigenskapar. Olja verkar hudlækjande, roande og blodtrykksenkjande. Ho er antiseptisk og hormonblanserande, og skal også ha euforiske og erotisk stimulerande eigenskapar. Ylang ylangolje er ei av dei beste oljene mot stress og uro. Ho roar ned pusten og hjelper ved hjartebank.

Bruksområde: massasje, hudpleie, bad, inhalering, aromavifte/spray

Kontraindikasjonar: Skal ikkje brukast ved lågt blodtrykk. Ved overdriven bruk kan olja gje hovudverk for enkelte.

Naturlege komponentar: benzyl alcohol, benzylbenzoat, farnesol, linalool, benzylsalicylat, geraniol, eugenol, isoeugenol

INCI: Cananga Odorata Oil

Opphavsland: Madagaskar

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!