Rosmarinolje

kr 159,00

10 ml

Emosjonell støtte: Mental klarhet, kunnskapsrik, lærevillig, overgang, inspirert, åpen for nye erfaringer.

Fysisk støtte: Eterisk olje av rosmarin er oppkvikkande og stimulerande. Ho skjerpar konsentrasjonen og klarnar hovudet. Rosmarinolje er immunstyrkjande, nervestyrkjande og kretslaupstimulerande. Olja er òg smertelindrande og er ei særs god olje ved vond og sliten muskulatur, skjelettrelaterte utfordringar, i tillegg til vondt i hovud og svimmelheit. Stimulerer hårveksten.

Bruksområde: massasje, kompress, bad, inhalering, aromavifte/spray

Kontraindikasjonar: Skal ikkje brukast ved høgt blodtrykk, graviditet, epilepsi eller saman med homøopatmedisin.

INCI: Rosmarinus Officinalis Oil

Naturlege komponentar: limonen, linalool

Opphavsland: Tunisia

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!