Romersk kamilleolje
kr 459,00
5 ml
Emosjonell støtte: Målbevisst, guida, fredfull, oppfyllt, avslappa, åndelig klarhet.
Fysisk støtte: Eterisk olje frå romersk kamille roar og lindrar. Ho er ei svært god olje mot søvnløyse, uro og nervøst stress. Ho inneheld azulen som gjer ho til ei fin hudolje ved plaga og irritert hud. Olja er god på sesongplager, anspente musklar, antiseptisk, og difor fin mot syklusplager hos kvinner, vondt i magen og hovudet, utfordringar med øyrer og luftvegar. Ei mild og fin olje til born.
Bruksområde: massasje, hudpleie, kompress, bad, inhalering, aromavifte/spray
Kontraindikasjonar: bør ikkje nyttast av gravide dei fire fyrste månadene av svangerskapet.
Naturleg komponent: limonen
INCI: Anthemis Nobilis Oil
Opphavsland: Ungarn
Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
- Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
- Unngå kontakt med augene.
- Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
- Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!