Peparmynteolje

kr 159,00

10 ml

Emosjonell støtte: Optimistisk, klar, lett, fornya, livlig, emosjonelt plaster.

Fysisk støtte: Eterisk olje av peparmynte er forfriskande, kjølande og styrkjande. Olja verkar kvalmestillande, og er god ved reisesjuke og fordøyingsplager. Peparmynteolje har god effekt på luftvegane, er slimløysande. Ho har bedøvande effekt på huda og er lindrande ved verk i hovudet.

Bruksområde: massasje, kompress, inhalering, gurgling, aromavifte/spray

Kontraindikasjonar: Skal ikkje brukast saman med homøopatmedisin. Skal ikkje brukast ved epilepsi, til gravide eller til born under 3 år. Kan verka hud- og slimhinneirriterande på sensitive personar.

Naturlege komponentar: limonen, linalool

INCI: Mentha Piperita Oil

Opphavsland: India

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!