Jojobaolje

kr 155,00kr 325,00

Ingredienser:
Jojobaolje, e-vitamin

Fakta:
Jojobatre/busk veks i ørkenområda i  nordamerika, og kan bli opp til 3 meter høge. Ved 5 års alder byrjar treet/busken å bære frø, og desse frøa inneheld 50% flytande voks. Gjennom historia har indianerane brukt denne halvfeite voksen/olja for å ta vare på huda.

Bruksområde:
Jojobaolje beskytter og binder fuktigheit, og passar alle typar hud. Den minner om huda sitt eige fett, og regulerer dermed talgproduksjon. På grunn av sin stabile tilstand vil olja vere like god til baby, ungdom og aldrande hud.

Her kjem eit knippe brukartips:
Baby:

  • Bruk i hovudbotn for å stabilisere talgproduksjon.
  • Ha nokre dråpar på vaskeklut ved kroppsvask.

Ungdom/vaksen:

  • Ansiktsrens – bommullspad + olje morgon og kveld.
  • Serum – god under ansiktskrem eller underlag til sminke.
  • Negleolje – for å styrke og gjere neglene meir robuste.
  • Hårolje – ta nokre dråpar i hendene og fordel i håndkletørka hår.
  • Olja kan brukast etter shaving.
  • Sminkefjernar