Grapefruktolje

kr 219,00

10 ml

Emosjonell støtte: Respekt for kroppen, møte fysiske behov, kroppsaksept, nærande

Fysisk støtte: Eterisk olje av grapefrukt er oppfriskande og oppløftande. Ho verkar reinsande, vassdrivande, astringerande og avgiftande på systemet. Dette gjer at den er særs god mot væskeopphopningar. Grapefruktolje er også lever- og gallestyrkjande, appetittstimulerande og fremjar fordøyinga. Dette er ei fin olje ved varme og hovne ledd.

Bruksområde: massasje, bad, aromavifte/spray

Kontraindikasjonar: fotosensitiv, skal ikkje nyttast ved soling.

Opphavsland: Mexico

INCI: Citrus Paradisii Peel Oil

Naturlege komponentar: limonen, citral, linalool

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!