Furunålolje
kr 199,00
10 ml
Emosjonell støtte: Visdom, lære av fortid.
Fysisk støtte: Eterisk olje frå furu er stimulerande og oppfriskande. Ho stimulerer produksjon av kvite blodceller, verkar krampeløysande, slimløysande og antiseptisk. Dette er ei særskild god olje for luftvegane. Olja er også soppdrepande, vassdrivande og god ved muskelsmerter og plager knytta til skjelett/ledd.
Bruksområde: massasje, bad, inhalering, aromavifte/spray
Kontraindikasjon: kan verka hudirriterande. Bruk difor låg dosering.
Naturleg komponent: limonen.
Opphavsland: Frankrike
INCI: Pinus Sylvestris Oil
Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
- Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
- Unngå kontakt med augene.
- Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
- Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!