Lavendelolje

209.00 kr

10 ml

Emosjonell støtte: Åpen kommunikasjon, avslappa, uttrykker emosjonell ærlighet, lytte innover.

Fysisk støtte: Eterisk olje av lavendel er ei alpelavendelolje (high altitude), og veks 1500 moh. Ho vert rekna for å ha den finaste aromaen av alle lavendeloljene, og det høge innhaldet av ester gjer at olja har ekstra roande eigenskapar. Lavendel har ein særeigen styrkjande, roande og lindrande effekt på kropp og sinn. Ho verkar cellefornyande, hudpleiande og smertestillande, og kan lindra hovudverk, ømme musklar. Olja er også antiseptisk og soppdrepande. Lavendelolje kan nyttast ufortynna på hud på små område, for eksempel på insektsstikk eller på hudskader etter varme.  Ho er god ved stress og søvnløyse.

Bruksområde: massasje, bad, hudpleie, kompress, gurgling, inhalering, aromavifte/spray

Kontraindikasjonar: skal ikkje brukast dei fire fyrste månadene i svangerskapet.

Naturlege komponentar: linalool, sitral, geraniol, limonen

Opphavsland: Frankrike

INCI: Lavandula Angustifolia Oil (High Altitude)

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!