Einebærolje

229.00 kr

10ml

Emosjonell støtte: Beskyttelse, modig, sjølvbevisst.

Fysisk støtte: Eterisk olje av einebær vert brukt utvortes for å lindre plager og muskelsmerter, då ho stimulerer blodtilstrøyminga i det aktuelle området. Einer og einebær har eit stort innhald av terpinen-4-ol som verkar antiseptisk. I tidlegare tider vart difor planten brukt som desinfeksjonsmiddel under pestepidemiar.

Kontraindikasjonar: Einebærolje skal brukast i moderate mengder, og ikkje av gravide, ammande eller små born. Utvis varsemd ved nyreplager.

NB: Til utvortes bruk.

Bruksområde: massasje, bad

Opphavsland: Nepal

INCI: Juniperus Communis Oil

Naturlege komponentar: limonene, linalool, geraniol.

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!