Om Urteloftet
Urteloftet er ei nisjebedrift som held hus på garden vår i Fattnes. Her bur eg, mannen min, 3 born. I fjoset står ammekyr og sauer i vinterhalvåret. Om våren, sommaren og hausten er dei ute og nyt det frie liv.
På loftet over garasjen skjer magien: koking av salver, blanding av oljer, aromaterapi, kakaoseremoni og kurs.
Salvene og oljene er laga av vegetabilske ingredienser og det er brukt mykje tid for å optimalisere oppskriftene. Produkta er naturlege, reine, og er sikkerhetsvurdert av laboratorium. Dei er godkjent for barn under 3 år. Urteloftet sine varer er dermed milde nok til barn, samtidig pleiande til vaksne.
Produkta er laga av kjærleik til naturen og menneska. Naturen gir oss gode råvarer me kan nytte til kropp og sinn. Aromaterapi er alternativet til deg som treng massasje og betre sirkulasjon, eller mentalt treng å roe ned / løfte opp.
Urteloftet er ei bedrift som er med i det grønne skiftet, og for deg som vil spele på lag med naturen.
Basen er i Fattnes, men er også på farten for å treffe andre gjennom kurs, marknadar eller på andre oppdrag.